Viktig tryggleiksinformasjon

Eigarar av slipemaskiner av modellane PSS 2 A, PSS 20 A, PSS 190 AC, PSS 200 A, PSS 200 AC, PSS 250 A, PSS 250 AE og PSS 2000 A frå produksjonstidsrommet juni til august 2007 vert bedne om å merke seg følgjande: Desse maskinene må frå no av ikkje nyttast meir eller gjevast vidare til andre. Dei aktuelle maskinene vert skifta ut kostnadsfritt. Under følgjande kopling finn du Tryggleiksinformasjon.

Slik kontrollerer du om dette gjeld slipemaskinen din:

1. Kontroller om du har ein av dei aktuelle modellane:

Det gjeld desse modellane: PSS 2 A, PSS 20 A, PSS 190 AC, PSS 200 A, PSS 200 AC, PSS 250 A, PSS 250 AE og PSS 2000 A. Modellnamnet kan lesast av på maskinen (nøyaktig kor det står, kan du sjå på neste bilete).

Viss modellen din står på lista, kan dette gjelde maskinen din. Dette finn du ut ved å gjennomføre trinn 2. Viss maskinen din ikkje høyrer til nokon av desse modellane, gjeld ikkje dette maskinen din.

2. Kontroller om dette gjeld maskinen din:

Ver venleg og skriv inn maskin- og serienummer for slipemaskinen din i kontrollskjemaet nedanfor. Kor dette står på maskinen din, ser du av biletet nedanfor. Vi gjør merksam på at begge dei to felta må fyllast ut.

Viss du har spørsmål, kan du kontakte oss på den gratis servicetelefonen vår: 0047 800 30 201

Servicetelefonen vår har følgjande opningstider:

Måndag til fredag: kl. 08.00 til 17.00